Kommunestyret vedtok 22.6.16 i sak 66/2016 å senda forslag til kommunal planstrategi 2016-2019 på høring, jfr PBL § 10.

 

Det er det nye kommunestyret som er ansvarlig for utarbeidinga.

I forslag til planstrategi ligg innspela frå strategisamlinga i kommunestyret 9.mars til grunn, saman med rådmanns vurderingar av utviklingstrekk og utfordringar for samfunnsutvikling og miljø samt sektoranes planbehov.

Omfanget av plansatsinga for 2016-2019 er spissa inn mot oppfølging av satsingsområda i Kommuneplanens samfunnsdel 2015-2026. Planomfanget er likevel så vidt at dei ulike samfunnsområda med tilhøyrande sektorar er vurdert og innlemma i strategien.

Planstrategien er ikkje ein plan i seg sjølv og vedtaket har ikkje dei same formelle krava etter Plan- og bygningslova. Forslag til planstrategi skal «gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling».

Frist for uttale 23.8.16. Sendast til Målselv kommune, Kommunehuset, 9321 Moen eller med e-post til postmottak@malselv.kommune.no