Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kalottspel

For Kalottspel er det mest relevant å svare på høringsspørsmål 7, vi vil derfor kun svare på dette spørsmålet.

Kalottspel er ein organisasjon basert på frivilligheit, med base i Målselv og på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter. Forutan ein festival kvart år i veke 32, står Kalottspel også bak 8-10 arrangement gjennom året. Kalottspel vart arrangert for fyrste gong i 1970, frå 1975 på Mellembygd Samfunnshus. 

Kalottspel har som overordna målsetting å:

  • ta vare på, formidle og vidareutvikle folkemusikken og folkedansen på Nordkalotten, vere ein møtestad for amatørar, profesjonelle utøvarar og publikum. 
  • bidra til rekruttering innan sjangeren, m.a. gjennom kurs for barn og ungdom, og gje fagleg påfyll for eldsjelene i rekrutteringsarbeidet på Nordkalotten. 
  • vere eit profesjonelt arrangement, og den leiande arenaen for folkemusikk og folkedans i Nord-Norge.

Kalottspel er reint fysisk ein forholdsvis liten festival, med i overkant av 2000 publikummarar kvart år. Vi er likevel av dei største festivalane i Norden med tanke på nyproduksjon, kulturpolitisk arbeid, kursarena og ringverknadene som møteplass og groplass for folkemusikken og folkedansen på nordkalotten. Vårt publikum kjem både lokalt frå kommunen og frå regionen, men er også i stor grad tilreisande. Mange i nordiske kulturkretsar kjenner nok Målselv via Kalottspel. I tillegg til festival og heilårsarrangement jobbar vi med rekruttering, med blant anna prosjektet «Kulturverkstad FOLK» som besøker alle barnehagar i Målselv Kommune. 

Festivalen Kalottspel har sidan 1975 vore arrangert på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter. Dette er eit lokale som passer våre formål godt. Her er det ein samfunnshus- sal som gjennom mange år har vorte tilpassa kulturbruk. Dessverre har kommunen svikta på vedlikehald i fleire år, men bygget er framleis godt med mykje potensiale. I samarbeid med husstyret på Mellembygd Samfunnshus har Kalottspel gjennomført akustiske prosjekt, og bidratt til oppussing av kjøkken og toalett, scene m.m. Vi har søkt inn profesjonelt lysutstyr som er tilpassa huset, og vi har ei unik kompetanse for å tilpasse sal og rigg etter behov. 

På MKOS har vi moglegheiter for overnatting til kursdeltakarar, vi har kurslokaliteter og ikkje minst eit godt uteområde. For å arrangere Kalottspel treng vi heile huset i drift, inkludert samfunnshus og skule. I 2015 var det løyva spelemidlar til oppussing av huset, som fordrar drift av samfunnshuset i 20 år framover, elles må deler av midlane betalast tilbake. 

Den viktigaste årsaka til at vi har base på MKOS er likevel dei menneskelege ressursane i området. Å arrangere ein festival kun tufta på frivilligheit er krevjande, og nokså unikt i tida vi lever i. Våre gjestar og artistar snakkar ofte om korleis alt «glir» på Kalottspel, at Kalottspel er ekte, og at opplevingane er sterke. Kollegaer og bransje andre stader i landet ser mot Kalottspel og kulturmiljøet i og rundt Målselv. Dette er i all hovudsak på grunn av våre frivillige som står på i tallause timar for å skape opplevingar saman. Dette er eigenskapar som er basert på årevis med erfaring, engasjement og bygging av kunnskap. Denne kompetansen finns i miljøet rundt Kalottspel, og den finns i Mellembygd. 

Vi har høyrt det har vore kviskra i gangane i Målselv Kommune om at Kalottspel skal flytte lokaler til Høgtun Kulturklynge. Dette vil vi avvise. Kalottspel har heile tida støtta opp om kulturklynga som kulturnæringstiltak, og vi har våre kontor der. Å arbeide nært med andre aktørar innafor kulturfeltet er viktig, og kulturklynga er potensielt eit stort løft for kulturen i regionen. Vi har enkeltarrangement på Høgtun (og på andre arenaer i kommunen), gjerne i samarbeid med Kulturklynga. Det har likevel aldri vore aktuelt for oss å flytte vår hovudarena dit, Kalottspel har sin arena. 

Kalottspel ønsker at skulestrukturen i Målselv skal bestå slik den gjer i dag. På tross av at denne høyringa etter sigande kun handlar om kvalitet, vil vi påstå at det også handlar minst like mykje om økonomi. Vi anerkjenner utfordringane ikkje berre kommunen, men også landet vårt, vil ha i framtida med aukande behov for eldreomsorg og så bortetter, men vi trur ikkje det er noko god løysing å bygge ned grendene og nærskulane. At skulen er ein grunnstein i eit levande lokalsamfunn ser vi på som ei sjølvfølgje. Utan grunnskular blir nærmiljø svakare, bolyst og blilyst blir svakare, og Målselv Kommune blir svakare. 

Det er så mange ressursar og ringverknader som følge av gode lokalsamfunn, som det er viktig å bygge opp rundt og støtte rundt. Dette er verdiar som skaper bolyst og bli-lyst. Verdien i gode lokale forhold er ikkje lett å måle i pengar. Målselv er ifølge vedtekne arealplan inndelt i fem geografiske satsings-områder: Bardufoss, Nerbygda, Karlstad, Mellembygd og Øverbygd. Fem områder me store verdiar og ressursar. Kvar einaste dag byggjast det mellommenneskelege og økonomiske ressursar i desse bygdene, gjennom kultur, idrett og mykje meir. 

I Mellembygd er det ein matbutikk og fleire andre bedrifter. Det er eit aktivt og godt idrettslag, det er fleire foreiningar, møteplassen, mannskor m.m. Det er aktivitetar med breidde for unge og gamle. Det er eit rikt kulturliv, og mange årsverk innan kulturfeltet som veks ut av miljøet rundt Kalottspel. Det er fleire busette barnefamiliar og andre som har investert i bustad og eigendom på premiss av liggjestad nær skule, butikk etc. Alt dette er verdiar som ikkje let seg måle så lett i eit kommunebudsjett, men dersom ein tek dei bort vil det merkast godt – både i kommunebudsjett, i bolyst og bli-lyst. Folk vi har snakka med seier dei vil flytte om skulen leggjast ned. Ikkje til Bardufoss eller andre områder i Målselv, men ut av kommunen. 

Ei evt. nedlegging vil også true noverande eksistens til både Kalottspel og fleire andre næringsaktørar i området.