Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nina Fjeldet og Inge Martin Helgesen

Høringsspørsmål 1a

Kvalitet meiner vi kan måles på kva elevane kan når dei går ut av barneskulen, kor godt skodd dei er til å gå vidare i livet og skuleløpet. Det kan måles etter trivsel og tilfeller av mobbing. Fråfall og sjukdom blandt elever og lærarar er ein indikator, dersom det totale bildet tas med i betraktninga. Resultatet på nasjonale prøver er ein indikator vi meiner ikkje bør stå for seg sjøl. 

Vi meiner og at kvalitet heng saman med ledelse, lærertettheit og lærergruppa si faglegheit. Det handler om god skulekultur, altså samspelet og kommunikasjon mellom alle personane tilknytta skulen, inkludert foreldregruppa. 

 

Høringsspørsmål 1b 

For å sikre kvalitet i skulen må organisasjonen drives godt. God og tydeleg leiing, forutsigbare og gode arbeidsvilkår frå skuleeigar. Faglig kompetente ansatte i eit godt læringsmiljø med moglegheit for fagleg påfyll og utvikling. 

 

Høringsspørsmål 2 

Det einaste alternativet som vil styrke skulane meiner vi er scenario 2. 

 

Høringsspørsmål 3

Alternativet om å dele opp skulekretsen etter «nærskoleprinsippet» meiner vi er uaktuellt. Dette vil være å regelrett rive ned samhørighet og fellesskap i Mellombygd, med voldsomme ringvirkningar for bedrifter og bebyggelse i området. Dette spørsmålet forutsetter nedlegging av MKOS, noko vi er uenige i. 

 

Høringsspørsmål 4 

Dette spørsmålet tek utgangspunkt i at MKOS blir nedlagt, noko vi er uenige i. Vi meiner derfor det er irrelevant å svare på dette spørsmålet. 

 

Høringsspørsmål 5

I våre øyne foreligger det ikke tilstrekkelig faktagrunnlag å svare på dette spørsmålet. Vi meiner og spørsmålet er uklart. I denne høringen er det kvalitet som er tema. Dersom det likevel skulle vise seg at økonomi er ett tema, må tallgrunnlaget og regnestykket være tilstrekkelig og inneholde alle elementer, både rundt skuledrift og alle omkringliggande samfunnsrekneskap. 

Transport til og frå skulen bør også taes med. Det er store avstander i kommunen vår, som gjer skuletransporten uforsvarleg lang for mange ungar dersom MKOS legges ned. Vi er heilt sikre på at dette ikkje fører til auka kvalitet i hverken kunnskap eller trivsel hos elevane. 

 

Høringspørsmål 6 

Våre ungar veks og trivs på MKOS. Dei er levande glade i oppvekstsenteret sitt, og er trygge på både vaksne og området. Vi opplever store kvaliteter med å være eit oppvekstsenter, og barna våre føler seg sett. Dei uttrykker fortvilelse over at MKOS er truga av nedlegging, og ønsker å bidra til å redde skulen sin. Dei blir usikre og engstelege, og spør ofte om kva som skjer i saken. Dei har foreslått å donere sparepengane sine til kommunen for at MKOS skal bestå. 

 

Høringsspørsmål 7 

Tanker rundt denne prosessen: 

Som forelder og FAU- representant har vi vore kjent med denne prosessen sidan Agenda Kaupang sitt arbeid, der vi som foreldrerepresentanter var invitert inn. Dette var ikkje ei god oppleving for oss, og vi vil vise til høringssvaret frå Charlotta Rylander og Aslak Prestbakmo, som vi meiner utdyper dette godt. 

Vi etterlyser også ei grundig konsekvensanalyse. Det er vanskeleg å sette seg inn i konsekvenser rundt skulenedlegging utan å få presentert eit godt og solid heilheitsbilde. Dessverre opplever vi heile denne hørings-prosessen som uryddig. Vi meiner god leiing er viktig i alle organisasjoner, også i ei kommune. God leiing forutsetter god, ryddig og ærleg kommunikasjon innad i organisasjonen og ut til publikum, noko vi tidvis har sakna her. 

Ytterlegare tanker som foreldre: 

Som forelder er vi opptatt av at barna våre skal ha ei trygg og god oppvekst og trygg og god skulegang. Vi har valgt å busette oss i eit lita bygd, med alt det som høyrer til. Sjøl om vi bur i ei lita bygd, betyr ikkje det at vi vil godta kva som helst. Vi forventer frå barnehage og skule både gode faglegheit og oppfølging rundt det sosiale.. Vi opplever miljøet her i Mellombygd som inkluderande og raust, og vi opplever at det er mange moglegheiter i Mellombygd og Målselv. Vi har ein kulturskule i kommunen som gjer store moglegheiter, og som gjerne kunne fått større plass i Målselvskulen. Kulturskulen er eit av fleire tilbud som er likt for alle uansett. 

Som foreldre er vi godt fornøgd med å ha ungane våre på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter. Vi kan ikkje så at dette er eit dårlegare alternativ enn noko anna, vi kan derimot sjå fleire fordeler vi har med å bu her. Å ha eit nærmiljø som er rikt og levande som her i Mellombygd er av uvurderlig verdi for oss som familie. Det handler om trivsel for både små og store, livskvalitet og økonomi (boligverdi, reiseveg etc.). Vi vet at mange av våre venner og sambygdinger vurderer å forlate kommunen dersom MKOS blir nedlagt, og vi veit om familier som velger bort å komme hit pga usikkerheit rundt evt. skulenedlegging. Vi ønsker å bo og virke i Mellombygd og Målselv, med ein god skule og eit godt nærmiljø – for heile familien. 

Tanker fra hjertet etter ein kveld på MKOS, kopiert frå eit innlegg på Facebook 21. mars: 

I fare for å bli oppfatta som sjølvgod på både egne og mine nære interesser sine vegne, så vil eg i kveld framsnakke bygda eg bur i og folka som er i den. Eg har vore på konsert på samfunnshuset, med ein musikar som bor rett borti høgget, og to som bor eit steinkast lengre unna. Konserten var arrangert av ein lokal organisasjon basert på frivillighet og dugnad. Salen var rigga av positive ja-folk med stå-på-innstilling og masse kunnskap om huset og det å skape. Teknikken var levert av ein lokal aktør som alltid leverer topp notch, og kakene var bakt av min gode kollega, råvarene er kjøpt på nærbutikken. Publikum kom frå området, nokon heilt nært, andre frå lenger unna. 

Inni meg kjennes det ut som eg har vokse som menneske i kveld. Eg har opplevd noko stort, noko som kunne skjedd i ein jazzkjeller i Praha, ein musikkbar i New York, i ei bule i London eller kor som helst. Men det skjedde her, på Mellembygd Samfunnshus i Målselv. 

Kulturen er sterk og vil overleve uansett, men det unike som veks ut av folk på slike små plasser skal ein ikkje kimse av. Det er fort gjort å undervurdere krafta som veks i ei lita bygd, eller å undervurdere ringvirkningane av å ta dei bort. 

I morgon er samfunnshuset atter ein gymsal for leik, påskelunsj, foreldrekafé, trening, korøving, møter, tilstelningar, fleire konsertar og andre arrangement. Det veks, gror, skapes og oppleves. Heile tida. 

Eg kjenner ofte på tanker og kjensler om opplevingar eg har, sjøl om eg ikkje ytrer dei så ofte på sosiale media. Eg kjenner på fine tanker om bygda mi; både den næraste, den som er noko større, den enda større og så bortetter. Mykje starter i den næraste bygda, kvardagen skjer der. Og å ha ei lita bygd som rommer slike store opplevingar midt i kvardagen, det er heilt makalaust! Måtte det få fortsette slik